Utskrift

 

  

 

Program haust 2021, frå artikkel i Vestnesavisa:

Klippfisk, pasient- og brukarrolla og Kjell Aukrust i Vestnes seniorakademi til hausten

Norsk klippfisk på tilbud i supermarked på Madeira. 

Av: TORSTEIN SØNSTABØ

Publisert: 16 mars, 2021 15:22
Oppdatert: 16 mars, 2021 10:24

Vestnes seniorakademi har opplegget klart for hausten, og vonar på normal møteaktivitet, med dei corona-tiltak som då må vere aktuelle.

Til haustens opningsmøte i september har Seniorakademiet fått forfattaren og historikaren Karsten Alnæs til å komme og fortelje «Eventyret om klippfisken». Alnæs har skrive fembindsverket «Historien om Norge», og vert rekna som ein av dei viktigaste nolevande formidlarane av norsk historie. Han ga i fjor ut boka «Eventyret om klippfisken – En norges- og verdenshistorie» på over 500 sider og med eit rikt biletmateriale. På møtet i Vestnes seniorakademi vil han fokusere på klippfiskhistoria på Nordvestlandet, med det internasjonale som bakgrunn.

I oktober vil Tove Eikrem og Jorunn Brekke Fjeldheim snakke om temaet «Pasient, bruker og pårørende – roller og rettigheter». Tove Eikrem er tidlegare jurist i offentleg forvaltning og i funksjonshemma sine interesseorganisasjonar, og Jorunn Brekke Fjeldheim har mellom anna vore fastlege i Vestnes og overlege ved Ålesund sjukehus.

På haustens siste møte i november kan ein høyre om Kjell Aukrust som forfattar og teiknekunstnar. Då kjem Sigmund Løvåsen, som er forfattar og dramatikar og tidlegare leiar av Den norske forfatterforening. Han ga hausten 2020 ut ei bok om Kjell Aukrust, som fekk mykje ros og merksemd i media. Temaet for det corona-forseinka jubileumsforedraget er «Kjell Aukrusts hundreårsjubileum – moromann og tegnekunstner».

– Programmet for våren 2022 er under førebuing. Det er alt klart at Elisabeth Graabøl-Undersrud, som mange vil kjenne frå radio og TV, kjem til vårens opningsmøte i februar 2022 med foredraget «Stamceller – redninga for sviktende hjerter og aldrende hjerner?». Dette skulle vi hatt før, men det måtte avlysast på grunn av pandemien, og fleire har spurt etter det. – Foredraga i mars og april neste vår vil venteleg vere klare før sommaren, skriv Martinus Løvik i pressemeldinga.

 

 

Avlyst:

Møta som var planlagt for våren -21 er avlyst grunna Covid 19 og smittevernomsyn. Håper at planlagte møter for hausten kan gjennomførast som planlagt: 01.09.21, 06.10.21 og 03.11.21.

 

Kontingent:

Kontingent som er innbetalt for perioden haust 20 - vår 21 er forlenga til å gjelde for haust 21 - vår 22.

 

 

AVLYST:

Vi må desverre avlyse foredraget 4.november pga at foredragshaldar har meldt avbud og innskjerpa nasjonale Covid 19 reglar.

 

 

Medlemsmøte 7. oktober

 

 

 

       ÅRSMØTE 2. september 2020. Les referatet HER

 

 

   Les referatet frå foredraget HER!

 

 ************

HAUSTPROGRAMMET 2020 Les pressemeldinga om programmet HER  (Nytt program vil bli publisert om kort tid).

*********

Referat frå tidlegare foredrag finn du på referatsida

------------ 

Foredraga varer 1-1 1/2 time, og er gratis for medlemmer. Andre interesserte kr. 100 pr. møte. 

Møtestad: Myra kulturbygg, Vestnes.

Tidspunkt: Foredraga startar kl. 13:00. Dørene blir opna kl. 12:00 for kaffe og enkel servering (inkludert i prisen).